HEFbridge-logoen

Nettspeling

Vi nyttar tenesta til Bridgebase Online (BBO). Du må ha brukar hos dei før du kan spela. Det kostar ingenting å oppretta denne brukaren og heller ikkje noko å spela kampane våre. Gjer vel og oppdater profilen din på Spond med BBO-namnet ditt.

Spelekveldane vert annonserte som vanleg gjennom Spond-tenesta vår. Der melder ein seg ogso på. Det vert teke omsyn til etablerte makkerskap. Vert det ikkje opplyst om nylege avtalar om makkerskap, vil ein verta trekt tilfeldig med ein annan som heller ikkje har makker.

Vi må ha fulle bord. Dei første som melder seg på som par vert prioriterte. Er du makkerlaus når du melder deg på, sjå om det er andre i same situasjon og avtal ev. makkerskap for denne runden. Opplys Yngve Spjeld-Landro om avtalen.

Vi byrjar å spela til vanleg tid, tysdagar kl. 18:00, men om bordet er samde kan det heller spela seinare i veka.

NS-paret har ansvaret for bordet og skal ta initiativ dersom noko ikkje fungerer som det skal. Arne Sandahl og Yngve Spjeld-Landro er tilgjengelege om nokon treng hjelp under kampane.

Framgangsmåten for kampen på BBO er at Nord (eller Sør) loggar seg på i god tid før kampen skal byrja. Tabellen nedanfor viser kva for val ein må bruka. Ver nøye og sjå til at du vel rett sidan det gjer kampavviklinga lettare.

MenyVal
Play or watch bridgeCasual
Find your own gameStart a table
Privacy optionsBruk i alle fall dei fire første
Reserve seatsLegg inn BBO-brukarane i rett posisjon


✓ Trykk på knappen merka Start table – Competitive game

✓ Vel den blå menyknappen med tre strekar og vel Deal source

✓ Bruk valet Randomly selected Vugraph deals

✓Avslutt med OK


Korta vert automatisk gjevne når alle spelarane har godteke invitasjonen. Ein kan då byrja å melda.

Ver merksam på at du ikkje må endra kortkjelda etter at ein kamp er i gang: alle dei spelte spela og den oppnådde skåren vil verta sletta og ein må byrja på nytt.

Det er mogleg å senda tekstmeldingar til resten av bordet. Vel Table og skriv meldinga di der det står Messages.

Vi speler 16 spel. Ein kan gjerne spela meir om ein vil, men det er berre dei første 16 som skal takast med i rekneskapen. Resultatet av kampen ser ein øvst til venstre på skjermen i boksen som heiter IMPs. NS-paret rapporterer inn bord­nummeret og NS sin poeng­skår som ein kommentar under aktuell spelekveld på Spond.

Opplysningane om speleplan og resultata for nettspelinga finn ein på ei eiga nettside.

Utkasting frå bordet

Vi har opplevd ein del gongar at deltakarar vert kasta ut grunna for mange spelarar inne samstundes hos BBO. Spelaren må då logga seg inn att om ho er vorten utlogga. Administratoren av bordet vel den aktuelle spelaren og vel Reserve. Deretter skriv han inn namnet på spelaren. Ein skal då kunna halda fram som før.

Finn ikkje bordet

Om du skal bakspela eit bord og ikkje finn spelarane, vel Casual eller Competitive under Play or Watch Bridge.

Be om å få gjera om eit påspel

Dersom du har klikka på feil kort under påspelet, kan du be om å få gjera det om att. Det gjer du ved å klikka på hamburgermenyen ("hamburgermenyen": tre stabla, vassrette linjer) og velja Undo. Men hugs at dette gjeld berre om du klikkar feil, ikkje om du angrar påspelet ditt! Det er heilt opp til motparten om dei godtek førespurnaden eller ikkje.

HEFbridge-logoen