HEFbridge-logoen

Bruk av videopraterom

Hos BBO kan ein senda tekstmeldingar til kvarandre, men det er gjerne lite effektivt. Bridgelaget har derfor teke i bruk ei tale- og bildeteneste som heiter Jitsi.

Det er høgst frivillig om ein vil bruka tenesta.

NS-paret ved bordet er ansvarlege for å setja opp programmet.

Ein kan nytta eigne appar for Jitsi eller ein kan nytta nettlesar. Det er best å bruka appen dersom du har iPad/iPhone.

Om du bruker ein nettlesar, må du gå til nettsida. Opprett eit praterom ved å gje det eit namn. Vi rår til å bruka namn som skildrar formålet med det slik som namnet «runde1bord2».

Bruker du ein app, skriv du direkte inn i feltet for romnamn. Same reglar for namngjeving som i avsnittet over.

Informer dei andre deltakarane om nettadressa dei skal bruka for å kopla seg til: jitsi-adressa + romnamnet, t.d. https://meet.jit.si/runde1bord2.

Deltakarane vel sjølve om dei vil bruka mikrofon og/eller videokamera i praterommet.

Praterommet skal vera ei hjelp under BBO-kampen, men kan hos enkelte opplevast som ei plage. Vi rår derfor til at ein ikkje pratar under meldeforløpet eller spelinga. Bruk inntil eit halvt minutt per par etter endt spel for eventuelle avklaringar ein har behov for å gjera.

Kontakt Yngve Spjeld-Landro eller Arne Sandahl for teknisk hjelp eller klage på korleis praterommet vert nytta.

Slå av mikrofon eller kamera

Du må velja deg sjølv i lista over deltakarar i praterommet om du ønskjer å slå av eller på mikrofonen eller kameraet. Trykk deretter på aktuelt ikon for å endra.